Heilage Herman av Alaska | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 1756 Serpukhov |
Død |
15. november 1837 (80 år) |
Yrke | oppdagar, munk, prest |
Religion | ortodoks |
Heilage Herman av Alaska på Commons |
Heilage Herman av Alaska vart fødd omkring 1756 (eller 1760) i Serpukhov i Russland og sovna hen omkring 13. desember (eller 15. november) 1837 på Spruce-øya i Alaska.
Hl. Herman var ein del av den fyrste, ortodokse misjonen til Nord-Amerika. Utsendinga frå Russland, ei samling av 10 munkar og prestar, kom til Alaska 24. september, 1794. Etter to år var munken Herman den einaste overlevande av dei ti. Han slo seg ned på Spruce Island, nær Kodiak Island og forsvarte ofte rettane til Aleutane mot russiske handelsselskap.
I Ortodoks kristendom er Hl. Herman kjend som vernehelgen for Nord-Amerika.